Benedikt Höwedes () er ein tysk tidlegare fotballspelar som spelte for Schalke 04 i åra frå 2007 til 2017. Midtstopparen vart verdsmeister med Tyskland sitt landslag i 2014. Höwedes var ein taklingssterk spelar, dyktig i hovudspel.

Klubbspel Höwedes fekk sin debut i bundesliga i oktober 2007 med Schalke 04. 21. mai 2011 skåra han eitt av mål då Schalke vann 5-0 over MSV Duisburg i kampen om DFB-pokalen. Etter ein skadeplaga 2017/18-sesong i italienske Juventus, avslutta han si tid som aktiv med to sesongar i Lokomotiv Moskva. Han la opp i 2020.

Landslagsspel I 2009 var Höwedes med på å vinne U21-EM med Tyskland. Han fekk sin landslagsdebut 29. mai 2011. Under Fotball-VM 2014 i Brasil spelte han samtlege sju kampar og var frå start til slutt på bana i alle. Også i Fotball-EM 2016 deltok han i alle Tysklands kampar, ei turnering som for Tyskland enda med seimfinale-tap mot Frankrike. Höwedes fekk sin 44. og siste landskamp i mars 2017. Han skåra 2 landslagsmål.

Merittar Verdsmeister: 2014 for Tyskland Vinnar av DFB-pokalen: 2011 for Schalke 04 Russisk cupmeister: 2019 for Lokomotiv Moskva (utan å vere med i finalen)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Benedikt Höwedes» frå , den 17. juli 2026.

eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016