Salqin (arabisk سلقين) er ein by i Syria i Idlib guvernement. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Takharim i søraust, Abu Talha i sør, Dalbiyah i sørvest, al-Alani i nordvest og Isqat i nordaust. Salqin er senteret i ein nahiya (nahiyah) og hadde eit folketal på 23 700 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Arkivert på . Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar,Atassi, Basma. syrisk town takes strife in stride. Al Jazeera English. 2013-01-20.Boulanger, 1966, s. 479. men her er òg eit lite alawittar-samfunn.
Byen ligg sør i Orontesdalen, 460 meter overh avet. Det veks oliven og frukttre kring Salqin. Det vert eksportert varer frå desse frukthagane i tillegg til grønsaker. Jordbruket nyt godt av dei mange mange kjeldene i Salqin.
Salqin vart nemnt i mellomalderen av den muslimske historikaren Izz al-Din ibn Shaddad al-Halabi som ein stad der ein av 22 forlatne eller ruinerte festningar låg i Aleppo-området. Ho vart truleg øydelagd under mongolinvasjonane av Syria på 1200-talet. Mamelukkane fekk makta i området på den tida og bygde ikkje opp att festninga i Salqin.Raphael, 2010, s. 89-90.
Ein tidlegare utdanningsminister og to tidlegare guvernørar i Homs og Raqqah var frå Salqin. I november 2012, under den syriske borgarkrigen, erobra syriske opprørar byen frå regjeringsstyrkar. I følgje antiregjeringsaktivistar, støtta kring 70 % av innbyggjarane i Salqin regjeringa til Bashar al-Assad i januar 2013. Dette har ført til spaningar, men ikkje særleg vald mellom dei to sidene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Salqin» frå , den 10. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Harem-distriktet