Tomsk oblast er eit oblast i Russland, i Sibir. I 2021 hadde det eit folketal på 1 070 339.
Tomsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Hovudstaden i oblastet er Tomsk (Томск). Oblastet ligg søraust på den vestsibirske sletta, sørvest i Sibir føderale distrikt. Russisk verksemd i området starta for fullt på 1600-talet. Tomsk vart grunnlagd i 1604. Mestedelen av flatevidda på 316 900 km² er lite tilgjengeleg. Mykje av landskapet er taiga med skog og myr. Oblastet grensar til Krasnojarsk kraj og oblasta Tjumen, Omsk, Novosibirsk, og Kemerovo.
Folkesetnad Dei største byane er:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Tomsk (Томск) (524 700 ibuarar) Seversk (Северск) (108 600) Strezjevoj (Стрежевой) (42 220) Asino (Асино) (25 620) Kolpasjevo (Колпашево) (24 120) Kedrovyj (Кедровый) (2451)
Dei største etniske gruppene er: Russarar: 88,1 % Tatarar: 1,6 % Ukrainarar: 1,1 %
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt