Gylmar dos Santos Neves () var ein brasiliansk fotballspelar som i tida frå 1956 til 1969 vakta målet i 94 landskampar for det brasilianske fotballandslaget, og som jamnast vert rekna som landets fremste målvakt gjennom tidene. Gilmar vart verdsmeister med for Brasil i 1958 og 1962. Han deltok også i fotball-VM i England i 1966.
mini|venstre|Gilmar og den 10 år yngre Pelé (til venstre) etter VM-gullet i Sverige 1958.
Gilmar var frå byen Santos og spelte for den lokale klubben Jabaquara frå 1946 til 1951. Han vart då overført til storklubben Corinthians. Med Corinthians vart han delstatsmeister i 1951, 1952 og 1954. Etter ti år i Cortinthians spelte han frå 1961 på FC Santos saman med mellom andre Pelé. Med Santos vart han femfaldig delstatsmeister i São-Paulo; 1962, 1964, 1965, 1967 og 1968, samt fire gongar brasiliansk meister; 1962, 1963, 1964 og 1965. I 1962 og 1963 vann Santos og Gilmar også Copa Libertadores.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gilmar» frå , den 15. juni 2014.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966