360px|mini|Forsvarets Musikkorps Nord-Norge speler i Generalhagen under Festspillene med Jan Høiland som solist og Terje Boye Hansen som gjestedirigent. Festspillene i Nord-Norge (FINN) er eit årleg kulturarrangement i Harstad i Noreg. Festspela føregår i juni, vanlegvis ei veke rundt midtsommar, og blei første gong haldne i 1965. Dei har som føremål å styrka kunst- og kulturlivet i Nord-Noreg, og omfattar til dømes konsertar, teater- og filmførestillingar og kunstutstillingar og seminar. I tillegg til hovudfestspela held ein pgså Nordnorsk Ungdomskulturfestival og Barnas Festspill. Det blir også laga arrangement utanfor Harstad, og turnéverksemd i landsdelen.

Utvalde profilar Festpillene i Nord-Norge har fleire år utnemnd ein festspelkomponist, mellom anna Terje Rypdal (1988), Synne Skouen (1990), Olav Anton Thommessen (1996) og Anneli Drecker (2002). Fleire festspelprofilar har også vore musikarar, som Mari Boine (1996), Kari Bremnes (1998) og kulturutøvarar som dekkjer fleire kunstuttrykk, som Nils-Aslak Valkeapää (1991) og Ketil Bjørnstad. Elles har ein vald utøvarar av mange ulike former for kultur, som dansaren Solveig Leinan Hermo (1989), forfattaren Lars Saabye Christensen (1997), skodespelaren Bjørn Sundquist (1999) og kunstkompaniet Pikene på broen (2007).

Tilskiping Festspillene i Nord-Norge blir arrangerte av ei stifting med same namn. Noverande direktør er Tone Winje (2014).

Direktørar 1965–1966 Kåre Ystanes 1966–1969 Paul A Ramm 1969-1977 Rolf Vestvik 1977-1984 Arvid Matheussen 1984–1991 Bjørn Hulleberg 1991–1996 Ola Bruun 1996–2001 Tove Karoline Knutsen 2001–2002 Inger Anne Utvåg 2002–2003 Erik M Bugge 2003–2011 Birger Carlsen 2011– Tone Winje

Kjelder

«Festspillene i Nord Norge» (9. desember 2012), Store norske leksikon. Direktører, festspillnn.no Tidligere Festspillkomponister, festspillnn.no Tidligere Festspillkunstnere, Festspillutstillere og Festspillprofiler, festspillnn.no

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Nordnorsk kultur Kategori:Kultur i Harstad Kategori:Festivalar i Noreg