mini|Romersk rostrum som no er på Sicilia. Rostrum er latin for 'nebb, spiss' eller 'skipssnabel', og viste i antikken til bronsebelagte spissar i forstamnen på krigsskip. Desse kunne brukast som rambukkar, til å laga hol i fiendtlege skip.
Ved sjøslag var det vanleg å ta rostrumen til den overvunne fienden som krigsbytte. Etter slaget ved Antium i 338 f.Kr., der romarane sigra over volskarane, sette dei stamnane frå fiendeskipa opp rundt talarstolen i Forum Romanum. Denne blei seinare kjend som rostra, fleirtalsforma av rostrum. I moderne engelsk er «rostrum» framleis eit ord for talarstol.
Kjelder
Steen, Tone. «rostra» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
Kategori:Krigsskip Kategori:Vassfartøykomponentar Kategori:Romarriket Kategori:Forum Romanum Kategori:Latinske ord og uttrykk