mini|Utsikt frå Pembrokeshire Coast Path på Marloeshalvøya Pembrokeshire Coast Path (walisisk Llwybr Arfordir Sir Benfro), òg ofte kalla Pembrokeshire Coastal Path, er ein turstig og National Trail i Pembrokeshire, sørvest i Wales. Han vart etablert i 1970, og er 299 KM lang. Han går stort sett på toppen av kystklippane og samla høgdeskilnad er omtrentleg m. På det høgaste punktet – Pen yr afr – går han 175 moh, og på det lågaste punktet – Sandy Haven crossing – er han berre 2 m over havet ved lågvatn. Sjølv om mesteparten av kystlinja vender mot vest, byr stigen på utsikt over kysten i alle himmelretningar.
Stigen endar i sør ved Amroth i Pembrokeshire. Den nordlege enden vert ofte regna for å vere ved Poppit Sands, nær St. Dogmaels i Pembrokeshire, der det offisielle skiltet opphavleg stod, men stigen held no fram til St. Dogmaels, hvor et nytt markeringsskilt ble avdekket i juli 2009. Her vert stigen knytt til Ceredigion Coast Path, som held fram vidare nordover.
Pembrokeshire Coast Path er ein del av Wales Coast Path, ein 1400 km lang turstig som går rundt heile kysten av Wales frå Chepstow til Queensferry, som vart opna offisielt i mai 2012.
Kjelder
Kategori:Fotturisme i Wales