Regjeringa Jagland var den norske regjeringa som sat frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.
Regjeringa Jagland var ei mindretalsregjering utgått frå Arbeidarpartiet som hadde 67 av dei 165 representantane på Stortinget. Thorbjørn Jagland fekk i oppgåve å skipa regjering då forgjengaren Gro Harlem Brundtland, òg frå Arbeidarpartiet, gjekk av. Regjeringa sat fram til Stortingsvalet 1997. Før dette valet sa Jagland at han ville gå av dersom Arbeidarpartiet fekk lågare oppslutning enn ved Stortingsvalet 1993, då dei fekk 36,9 % av stemmene. Arbeidarpartiet fekk 35,0 % oppslutning, og regjeringa Jagland gjekk dermed av.
Regjeringa var ei regjering med statsrådar berre frå Arbeidarpartiet.
Statsminister Thorbjørn Jagland 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Utanriksminister Bjørn Tore Godal 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Statsråd i:
Utanriksdepartementet Sjef for bistandssaker Kari Nordheim-Larsen 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Finans- og tolldepartementet Jens Stoltenberg 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Forsvarsdepartementet Jørgen Kosmo 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Fiskeridepartementet Karl Eirik Schjøtt-Pedersen 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Sosial- og helsedepartementet Unnateke helsesaker: Hill-Marta Solberg 25. oktober 1996–17. oktober 1997 Helsesaker: Gudmund Hernes 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Samferdsledepartementet Sissel Rønbeck 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Kommunal- og Arbeidsdepartementet Kjell Opseth 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Nærings- og energidepartementet Grete Faremo 25. oktober 1996–18. desember 1996 Ranveig Frøiland 18. desember 1996–31. desember 1996 Næringssaker: Grete Knudsen 25. oktober 1996–31. desember 1996
Nærings- og handelsdepartementet Grete Knudsen 1. januar 1997–17. oktober 1997
Olje- og energidepartementet Ranveig Frøiland 1. januar 1997–17. oktober 1997
Justis- og politidepartementet Anne Holt 25. oktober 1996–4. februar 1997 (permisjon frå 10. januar 1997) Jørgen Kosmo (konstituert) 10. januar 1997–4. februar 1997 Gerd Liv Valla 4. februar 1997–17. oktober 1997
Barne- og familiedepartementet Sylvia Brustad 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Administrasjonsdepartementet Sylvia Brustad 25. oktober 1996–15. november 1996 Terje Rød-Larsen 15. november 1996–29. november 1996 Bendik Rugaas 29. november 1996–31. desember 1996
Planleggingssekretariatet Terje Rød-Larsen 25. oktober 1996–29. november 1996 Bendik Rugaas 29. november 1996–31. desember 1996
Planleggings- og samordningsdepartementet Bendik Rugaas 1. januar 1997–17. oktober 1997
Landbruksdepartementet Dag Terje Andersen 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Miljøverndepartementet Thorbjørn Berntsen 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet Reidar Sandal 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Kulturdepartementet Turid Birkeland 25. oktober 1996–17. oktober 1997
Kjelder Thorbjørn Jagland si regjering hos Regjeringen.no, vitja 19. november 2009
Jagland