Beit Jinn (arabisk بيت جن) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, sørvest for Damaskus ved foten av Hermon. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Hur, Qalaat al-Jandal og Qatana i nordaust og Saasaa, Kanakir og Deir Maker i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Beit Jinn eit folketal på 2 846 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. Byen er òg det administrative senteret i Beit Jinn nahiyah som består av ni stader med eit samla folketal på 15 668. Elva Nahr al-Awaj (i antikken Parpar) renn nær byen.
Historie Beit Jinn vart vitja av den andalusiske geografen Ibn Jubayr seint på 1100-talet, under regjeringstida til Ajjubide-dynastiet. Han noterte at han var «ein landsby mellom Darayyah og Baniyas innimellom nokre åsar.»le Strange, 1890, s. 412.
I juni og juli gjekk israelske styrkar inn i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Jinn» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Qatana-distriktet Kategori:Byar i Syria