Talbiseh (arabisk تلبيسة, òg skrive Talbisa, Tell Bisa eller Talbeesa) er ein by nordvest i Syria i Homs guvernement, kring 10 kilometer nord for Homs. Av stader i nærleiken finn ein al-Rastan i nord, al-Ghantoo i sørvest og al-Mashrafah i aust. Gamlebyen i Talbiseh ligg på ei isolert høgd. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) hadde Talbiseh eit folketal på 30 796 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Oudat, Bassel. Capital of the Revolution . Al Ahram Weekly. 2011-12-21.

Historie Talbiseh er bygd på ein gammal tell («kunstig haug»).Boulanger, 1966, s. 364. I 1945 var ei stor mengd koparmyntar frå bysantinsk tid funnen i Talbiseh.American Numismatic Society, 1955, s. 108. Kring 835 myntar, daterte til 631 fvt., av tre forskjellige typar som synte keisarane Justinus II, Fokas og Konstantin III.Pottier, 2004, s. 120.

Den osmanske tida I osmanartida, særleg på 1700-talet, var Talbiseh ein av dei viktigaste landlege festningsbyane nord i Syria og låg langs det som vart kalla «Sultanvegen», som førte til Istanbul, hovudstaden i sultanatet. Byen hadde vokse seg viktig på kostnad av Maarrat al-Nu'man og Hisyah.Douwes, 2000, s. 67. Jundi-familien hadde normalt vore aghawat («guvernørar») i festninga, og gav seinare tre guvernørar i Hama kring år 1800.Douwes, 2000, s. 68. Under eit opprør med Mawali-folket nord i Syria, vart guvernøren i festninga i Talbiseh, Abd al-Razzaq al-Jundi, avretta av stammefolket.Douwes, 2000, s. 97.

Talbiseh vart skildra som ein landsby med jordhus midt på 1800-talet. I motsetnad til dei fleste syrisk landsbyar på denne tida, som hadde flate tak, hadde desse husa kuppelforma tak.Walpole, 1851, s. 179. I følgje turisten Albert Socin, hadde husa i Talbieh tidleg på 1900-talet kubeforma base, kjegleforma tak og ingen vindauge. Taka var konstruerte av lag på lag med stein.Socin, 1906, s. 367.

Moderne tid I 1950 oppstod det ein valdeleg strid mellom Barazi-familien, ein familie med landeigarar av kurdisk opphav, og dei bøndene i Talbiseh, då familien prøvde å ta ei last med gjødsel frå bøndene.Hinnebusch, 1990, s. 70.

Den syriske borgarkrigen Talbiseh var vitne til store demonstrasjonar mot regjeringa til Bashar al-Assad i april 2011, som ein del av opprøra som førte til den syriske borgarkrigen.Syria demonstrations: Homs city sit-in 'dispersed by gunfire'. BBC News. 2011-04-19. Sidan byrjinga av opprøret har byen vore ein skanse for opposisjonen og den antistatlege Frie syriske armeen (FSA). Slik sett har Talbiseh vore eit mål for den syriske hæren og tryggingsstyrkar gjennom opprøret. Mellom 29. mai og tidleg juni 2011 gjekk syriske soldatar støtta av stridsvogner inn i og kringsette byen med mål om å utslette «terroristgrupper». Aktivistar hevda soldatane raida hus og arresterte mistenkte dissidentar. Fem innbyggjarar og fire soldatar vart rapporterte drepne den første dagen av operasjonen.

Den 8. juni 2012 vart tre sivile og ni syriske soldatar drepne i kampar i Talbiseh-området. Kraftige kampar mellom den syriske hæren og FSA heldt fram til minst 11. juni. I følgje SN-observatørar tok FSA fleire av dei statlege soldatane til fange.UN observers voice concern over Homs . NOW Libanon. 2012-06-11. Den syriske hæren prøvde å ta attende Talbiseh den 21. juli, og byen vart bomba av artilleri.Syria crisis: Heavy clashes in second city of Aleppo. BBC News. 2012-07-21.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Talbiseh» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i al-Rastan-distriktet