Dweezil Zappa () er ein amerikansk rockegitarist og stundom skodespelar. Han er son til musikaren Frank Zappa.
Tidleg liv Zappa vart fødd i Los Angeles i California, som son av musikaren Frank Zappa og Gail Zappa, som arbeidde i føretaket til mannen. Han er den andre av fire sysken: den eldre systera Moon, den yngre systera Diva og den yngre broren Ahmet. Han er syskenbarn til skodespelarinna Lala Sloatman. Far til Zappa var av siciliansk, gresk, arabisk og fransk slekt, medan mora var av fransk, irsk og stort sett dansk slekt.
Fødenamnet til Dweezil er Ian Donald Calvin Euclid Zappa.Dette var namna på musikarane til Frank Zappa Ian Underwood, Don van Vliet, Calvin Schenkel og Euclid James «Motorhead» Sherwood; sjå Sjukehuset der han vart fødd nekta å registrere han med namnet Dweezil, så Frank lista opp namnet på fleire av musikarvenene sine. «Dweezil» var eit kallenamn som Frank gav den rare vesletåa til Gail. Fem år gammal, fekk Dweezil vite at det verkelege namnet hans var annleis, men insisterte på at kallenamnet hans skulle bli det lovlege namnet hans. Gail og Frank leigde ein advokat og kort tid etter var Dweezil offisielt namn., Snippet view page 245
Karriere I 1980-åra arbeidde Zappa som programleiar på MTV, men fekk sparken kort tid etter han snakka stygt om MTV på The Howard Stern Show. Han spelte òg inn nokre soloalbum, og spelte gitar for andre artistar. Ein kan høyre Zappa spele sologitar på The Fat Boys sin «Wipe Out» (1987) og han er å sjå i musikkvideoen for Don Johnson-hitten «Heartbeat». Han spelte òg sologitar (i lag med Reb Beach) på Winger-versjonen av Jimi Hendrix sin «Purple Haze». Han hadde ei rolle i den futuristiske Arnold Schwarzenegger-filmen The Running Man som Stevie («Don't touch that dial!»), og gav den første kjende cameo-rolla i John Hughes sin Brat Pack-film, Pretty in Pink (med Molly Ringwald), som venen til Andie, Simon.
Sidan tidleg i 1990-åra, har Zappa skrive musikk for eit stykke kalla «What the Hell Was I Thinking?», eit 75 minuttar langt stykke med gitarsoloar av fleire kjende gitaristar. Prosjektet har vorte omarbeidd fleire gongar sidan 1990-åra. Dweezil sa i september 2004: «Eg byrja å spele inn på analogt lydband for nesten 13 år sidan... Det er truleg 35 gjestegitaristar med, alle frå Brian May til Eddie Van Halen, Eric Johnson, Angus og Malcolm Young — det var eit sprøtt prosjekt. Eg ventar og håpar på å få spele inn med Jeff Beck og Jimmy Page som ein av dei siste gjestene der».
I midten av 1990-åra var Zappa stemma til figuren Ajax Duckman i animasjonsserien Duckman. Han var òg ei kort stund med i situasjonskomedien Normal Life med systera Moon Unit Zappa and tidlegare Laverne & Shirley-stjerna Cindy Williams. Han skreiv og framførte kjenningsmelodien for The Ben Stiller Show (soloen frå Spinal Tap sin «Break Like the Wind»). I 1999 var han i lag med broren, Ahmet Zappa, med i eit show med kjendisar, band og dansetruppar kalla Happy Hour som vart sendt første gongen i april 1999 på USA Network.
mini|venstre|Dweezil Zappa spelar med «Zappa Plays Zappa» i 2006. På det 11. studioalbumet til "Weird Al» Yankovic frå 2003, Poodle Hat, spelar Zappa den første gitarsoloen og syng på sporet «Genius in France». I 2006, organiserte Zappa «Zappa Plays Zappa»-turneen. Han samla eit band med unge musikarar med eit mål om å føre musikken til Frank Zappa til eit yngre publikum. Med på turneen handde han Steve Vai, Napoleon Murphy Brock og Terry Bozzio. Turneen byrja i Europa i mai og fortsette i USA i juni. Etter ein pause fortsette turneen i USA i oktober 2006. I 2007 gjekk turneen frå juli og enda i Australia tidleg i desember, med Ray White som gjest. Fleire turnear har følgd seinare. In 2009, Ray White left Zappa Plays Zappa for an undisclosed reason.
mini|Dweezil Zappa på Bluesfest 2008 i Ottawa.
Personleg liv Frå 1998 til 2004 var Zappa kjæraste med musikaren Lisa Loeb. Zappa og Loeb skreiv og spelte i lag, og Zappa turnerte med bandet hennar. Paret var programleiarar på matshowet Dweezil & Lisa på Food Network i 2004.
Zappa gifta seg med motestylisten Lauren Knudsen den 3. september 2005 i Los Angeles. Dei har to døtrer, Zola Frank Zappa (f. 2006) og Ceylon Indira Zappa (f. 2008). I mars 2010 søkte Knudsen om skilsmisse. Dweezil gifta seg med Megan Marsicano i ein privat seremoni i Los Angeles i april 2012.
Diskografi
Solo 1982 – My Mother Is a Space Cadet 1986 – Havin' a Bad Day 1988 – My Guitar Wants to Kill Your Mama 1991 – Confessions 2000 – Automatic 2006 – Go med What You Know
Med Ahmet Zappa 1994 – Shampoohorn 1996 – Music For Pets
Med Zappa Plays Zappa 2008 – Zappa Plays Zappa 2010 – Return Of The Son Of... 2011 – In The Moment 2012 – F.O.H. 2012 – F.O.H. 3 - Out Of Obscurity
Gjesteartist 1984 – Gitarsoloane på «Sharleena» og «Stevie's Spanking» på Frank Zappa-albumet Them or Us 1984 – Gitar på Frank Zappa sitt You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 på «Sharleena»NOTE: sjølv om han er innspelt 23. desember 84, vart versjonen av «Sharleena» gjeven ut som singel i januar 1987 i magasinet Guitar Player. 1985 – Vokal på Frank Zappa-albumet Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention 1986 – Gitarsolo på «Whipping Post» på Frank Zappa-albumet Does Humor Belong in Music? 1988 – Winger på «Purple Haze» 1989 – Med systera Moon Unit medverka han på songen «(In Love) With You Gumby» på albumet Gumby 1990 – Opnings- og avslutningssolane på Extreme sitt Pornograffitti på songen «He-Man Woman Hater» 1992 – Sologitar på «Diva Fever» på Spinal Tap-albumet Break Like the Wind 1993 – Sologitar på «Dirty Love» og «Chunga's Revenge» på hyllestalbumet Zappa's Universe 1994 – Bjeffing på «Waffenspiel» på Frank Zappa-albumet Civilization Phaze III 1997 – Gitarsolo på Pat Boone-versjonen av «Smoke on the Water» (No More Mr. Nice Guy-albumet) 2000 – Gitar på Dixie Dregs på albumet California Screamin «Peaches en Regalia» 2001 – 911, på «Top of the World» 2003 – «Weird Al» Yankovic-albumet Poodle Hat på «Genius In France» 2006 – Sologitar på «Chunga's Revenge» og «Bavarian Sunset» på Frank Zappa-albumet Trance-Fusion 2006 – Gitar på Kip Winger-albumet Songs From The Ocean Floor 2011 – Sologitar på «Release the Memes» frå Centrifugal Satz Clock: Morning av Steve Kusaba 2013 – Sologitar på «Mind Your Step» frå «Freak Guitar: The Smorgasbord» av Mattias IA Eklundh
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dweezil Zappa» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Dweezil Zappa-intervju frå 2008 med Jon Niccum Intervju frå 2010 med Tom Waring
Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Frank Zappa Kategori:Sologitaristar