Cheyenne er eit algonkinsk språk som blir snakka av cheyenneindianarane i dagens Oklahoma og Montana i USA. Som alle algonkinske språk, er cheyenne agglutinerande.

Dei fleste som snakkar språket bor i Northern Cheyenne Indian Reservation, og det er få unge som snakkar språket.

Fonologi

Cheyenne har tre vokalar, /e, a, o/.

+ VokalsFremreMidtreBakreIkkje-lågeoLåga

Cheyenne har eit enkelt konsonantsystem, med bilabiale, dentale, velare og glottale lukkelydar og frikativar, og dessutan ein postalveolar frikativ og ein bilabial og ein dental nasal.

+ KonsonantarBilabialDentalPostalveolarVelarGlottalLukkelydptkFrikativvs(x)hNasalmn

Morfologi

Cheyenne har ein morfologisk struktur like andre algonkinspråk: Verb blir bøygd i fire personar (1., 2., 3. og ein obviativ 4. person, som refererer til «tredje person ute av fokus»). Det er to 1. plural: inklusiv (eg, du og kanskje andre) og eksklusiv (eg og andre, men ikkje du).

Referansar

Litteratur

Mithun, Marianne, 1999. The Languages of Native North America. Cambridge Language Surveys. Cambridge: Cambridge University Press.

Kategori:Algonkinske språk Kategori:Språk i USA