Stoksund kyrkje står på Revsneshalsen i Åfjord kommune i Trøndelag.

Den første kyrkja i Stoksund lå på Kjerkholmen, der det er funne restar av ein gravplass frå mellomalderen. Den noverande kyrkja vart bygd i 1825 som lafta åttekantkyrkje. I 1885 vart kyrkja utvida med nye delar i bindingsverk til krosskyrkje. I 1955 vart så dei nye delane tekne ned og ført opp att i lafteverk. Ein kan framleis sjå på kyrkja at ho har vore åttekantkyrkje.

Kyrkja fekk eit digitalt Allen-orgel i 2005. Dette orgelet har 29 stemmer samt fleire spesialregister (klokkespel og solostemmer).

Kjelder Åfjord kyrkjelege fellesråd

Denne artikkelen bygger på «Stokset kirke» frå , den 13. juli 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Åfjord Kategori:Kulturminne i Åfjord Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1820-åra Kategori:1825 i Noreg