Bournonitt er eit stålgrått mineral med metallglans, eit svovelsalt av bly og kopar, PbCuSbS3, som krystalliserer rombisk. Det finst til dømes i Cornwall i Storbritannia, Böhmen i Tsjekkia, Mexico og i Sør-Amerika. I Noreg er det påvist frå Sulitjelma i Nordland.

Det vart først nemnt av Philip Rashleigh i 1797 som eit malm av antimon og vart fullstendig skildra i 1804 av den franske krystallografen og mineralogen Jacques Louis, Comte de Bournon (1751–1825), som det har fått namn etter. Namnet Bournon gav sjølv var endellione, sidan brukt i forma endellionitt.

Kjelder Bournonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/bournonitt.

Bakgrunnsstoff

kategori:Blymineral kategori:Koparmineral kategori:Svovelsaltmineral kategori:Antimonmineral kategori:Ortorombiske mineral