Chalkositt eller koparglans er eit metallisk mineral med liten hardleik. Fargen er gråleg svart på friskt brot, i motsetnad til bornitt, som det elles liknar av utsjånad. Kjemisk er det eit kopar(I)-sulfid Cu2S med 80 % kopar. Chalkositt er ein viktig malm som særleg opptrer i den supergene anrikingssonen i sulfidmalm.

I Noreg finst mineralet i mindre mengder på hydrotermale gangførekomstar i Telemark, saman med bornitt.

Kjelder Chalkositt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/chalkositt.

kategori:Koparmineral kategori:Sulfidmineral kategori:Ortorombiske mineral