Cupritt eller raudkoparerts er eit mineral som kjemisk er eit koparoksid, Cu2O, og som krystalliserer kubisk. Det finst som overtrekk på gedigent kopar i Dalane i Kviteseid og Årdal i Sogn og elles i små mengder fleire andre stader.

Cupritt er typisk knytt til oksidasjonssonen i koparførekomstar og har atskillig tyding som koparmalm, til dømes i USA og Chile. Vene krystall er særleg kjent frå Tsumeb i Namibia. Ein varietet av cupritt er chalcotrichitt som dannar hårforma krystall. Ein annan varietet er jordaktig, såkalla teglmalm, som er blanda med jernoksid og anna.

Cupritt vart først skildra i 1845 og namnet kjem frå latinsk cuprum etter koparinnhaldet.

Cupritt er funnen i Uralfjella, Altaifjella og Sardinia, og i meir isolerte stader i Cornwall, Frankrike, Arizona, Chile, Bolivia og Namibia.

Kjelder Cupritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/cupritt.

kategori:Koparmineral kategori:Alkymistiske stoff kategori:Oksydmineral kategori:Kubiske mineral