St. Mikaels kapell er ei kyrkje frå 2012 i Oppdal kommune i Trøndelag.
Bygninga vart prosjektert av arbeidsgruppa Turisme i Drivdalen, resultatet av ein framtidsverkstad som vart arrangert vinteren 2010. Idéen om ein kyrkjebygnad knytt til til Pilegrimsleden over Dovrefjell, har samanheng med at det tidligare sto ei kyrkje kalla Loskyrkja i Drivdalen, på ein av gardane i Losgrenda.Bøgda vår 1999 s. 11-21: Jan Brendalsmo: Kirkene i Oppdal i middelalderen Sokneprest Arne Aspeland har medverka i arbeidet med å forma kapellet innomhus.
Kapellet er reist på dugnad med økonomiske stønad frå nokre av dei lokale aktørane medteke Holtermanns legat rådd over av Oppdal fellesråd (legatet lagt ned i 2012). Det vart vigsla 29. september (Mikkelsmess) i 2012 med sokneprest Arne Aspeland, biskop Tor Singsaas, prost Øystein Flø og vikarprest Øyvind Vognild til stades. Aspeland fekk æra av å leie den første gudstenesta, som vart halde i samanheng med vigslinga. Kyrkja er no ein del av det iverksetjande livet til kyrkjelydane i Oppdal. Kapellet fekk kyrkjeklokke sommaren 2013 og den vart brukt fyrste gong 19. juli same året.
Det finst ikkje gravplass på staden.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Oppdal kyrkjelege fellesråd St. Miikaels kapell
Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Kyrkjer i Oppdal Kategori:Norske kyrkjer frå 2012