Enstatitt er eit rombisk pyroksenmineral som består av magnesiumsilikat, Mg2Si2O6, ofte med ein del jarn (jfr. bronzitt og hypersthen). Mineralet er fargelaust, gulaktig, grønleg eller brunleg og finst i mange ulike bergartar (mafiske og ultramafiske magmatiske bergartar, ein del høgmetamorfe bergartar og meteorittar).

Særleg store krystall er kjent frå apatittgangar i Bamble og i olivinsteinsførekomstar på Sunnmøre og i Nordfjord. Namnet kjem av at mineralet står i mot varme.

Kjelder Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Enstatitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/enstatitt.

Kategori:Inosilikat Kategori:Magnesiummineral Kategori:Jernmineral Kategori:Pyroksengruppa Kategori:Ortorombiske mineral