«Det skulle ha vært sommer nå», òg kjend som «Touch My Life (With Summer)» er ein song frå 1975 framført av Stein Ingebrigtsen og Ellen Nikolaysen. Songen er skriven av Svein Hundsnes.
Eurovision Melodi Grand Prix 1975 «Det skulle ha vært sommer nå» deltok i Melodi Grand Prix 1975, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm i Sverige. Songen vart framført på norsk av Stein Ingebrigtsen med eit lite orkester, og så på nytt av Ellen Nikolaysen med eit stort orkester. Bidraget vann med 39 poeng.
Eurovision Song Contest 1975
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1975 fekk «Det skulle ha vært sommer nå» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1974. Teksten vart skriven om, og songen fekk tittelen «Touch My Life (With Summer)». Ellen Nikolaysen framførte songen på engelsk, og enda på 18. plass med elleve poeng; sju frå Italia og to frå Nederland og Monaco. Carsten Klouman var dirigent.
Fotnotar
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Philips Records-singlar Kategori:Melodi Grand Prix 1975-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1975-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Stein Ingebrigtsen-songar Kategori:Ellen Nikolaysen-songar Kategori:Songar skrivne av Svein Hundsnes