Gahnitt er ein sinkspinell med formel ZnAl2O4, eit mineral som tilhøyrer spinellgruppa.
Det vart først skildra i 1807 etter ein førekomst i Falu gruve i Falun i Dalarna i Sverige og kalla opp etter den svenske kjemikaren Johan Gottlieb Gahn (1745–1818), som oppdaga grunnstoffet mangan.
I Noreg er det mellom anna kjent frå ein granittpegmatitt i Øvre Vats i Rogaland, og i kismalm frå Bleikvassli og Ofoten i Nordland.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Sinkmineral kategori:Aluminiummineral kategori:Spinellgruppa kategori:Kubiske mineral