Goslaritt eller sinkvitriol er eit kvitt mineral som ein meiner finst i små mengder som efflorescens på sfaleritt (sinkblende) i kontaktførekomstar i Oslofeltet. Det er kjemisk eit vasshaldig sinksulfat, ZnSO4·7H2O. Andre naturleg hendande hydrat av sinksulfat er mellom anna bianchitt ZnSO4·6H2O og gunningitt ZnSO4·H2O, som begge er kjent frå Glomsrudkollen sinkgruver i Modum.
Det vart først funne i Rammelsberg-gruva i Goslar i Harz i Tyskland. Det vart først skildra i 1847.
Kjelder Goslaritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/goslaritt.
Bakgrunnsstoff Mineralbilete
kategori:Sinkmineral kategori:Sulfatmineral kategori:Ortorombiske mineral