Hydrosinkitt er eit nokså sjeldant mineral som opptrer som kvite belegg eller massar i forvitringssonen over sinkførekomstar. Samansetjinga er Zn5(CO3)2(OH)6.
Det vart først skildra i 1853 etter ein førekomst i Bad Bleiberg i Kärnten i Austerrike og kalla opp etter det kjemiske innhaldet.
Det er kjent frå fleire norske førekomstar, til dømes Konnerudkollen ved Drammen.
Kjelder Hydrosinkitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/hydrosinkitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Karbonatmineral kategori:Sinkmineral kategori:Monokline mineral