thumb|КПРФ (01.05.2009) Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (russisk Коммунистическая партия Российской Федерации, Kommunistitsjeskaja partija Rossijskoj Federatsii, KPRF) er eit politisk parti i Russland. Det vart stifta i 1990 som ei samanslutning av medlemer i Sovjetunionens kommunistiske parti i den russiske føderasjonen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart KPRF i realiteten det sovjetiske kommunistpartiet sin etterfylgjar. Det har sidan vore eit av dei største partia i Russland, og eit av dei få som har ein reell landsdekkjande partiorganisasjon, men har aldri sete ved makta. Leiaren sidan 1993 er Gennadij Ziuganov. Ved det siste russiske parlamentsvalet, i 2007, vart KPRF det nest største partiet med 11,6 % av røystene, men partiet kravde, saman med andre opposisjonsparti, at dette valet skulle underkjennast som udemokratisk. Ved det russiske presidentvalet, i 2004 var KPRF sin kandidat Nikolaj Kharitonov som fekk 13,7 % av røystene. I 2008 fekk Ziuganov 17,8 prosent.
Valresultat for KPRF Val til dumaen 1993-2007
Årstal Prosent av stemmene 1993 12,4% 1995 22,3% 1999 24,3% 2003 12,6% 2007 11,6% 2011 19,19 Presidentval Årstal Prosent av stemmene 1996 Gennadij Ziuganov - 32,0% (andre runde: 40,3 %) 2000 Gennadij Ziuganov - 29,2% 2004 Nikolaj Kharitonov - 13,7 % 2008 Gennadij Ziuganov - 17,8% 2012 Gennadij Ziuganov - 17,18
Bakgrunnsstoff
Offisielle nettsider
Russiske føderasjonens kommunistiske parti, Den Russiske føderasjonens kommunistiske parti, Den Kategori:Skipingar i 1993