Hohe Tenn er eit 3 368 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Mot nordaust og nordvest går markerte, lange egger frå toppen. På nordsida reiser fjelltoppen seg høgt over det kringliggjande landskapet, og sidan det er ein grei tur til topps, er Hohe Tenn eit ynda turmål.
Ein gong i 1840-åra vart kardinalen Friedrich Schwarzenberg og fylgjet hans dei fyrste menneska til å stå på toppen av Hohe Tenn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hoher Tenn» frå , den 31. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike