Pyrrhotitt, pyrrhotin eller magnetkis er eit ertsmineral med bronseaktig farge og metallisk glans. Det består av jarn og svovel. og formelen kan skrivast Fe1−xS, sidan strukturen er defekt og det alltid er for lite jarn til stades. Dei magnetiske eigenskapane og krystallsymmetrien varierer med samansetjinga og fordelinga av dei tomme posisjonane i krystallgitteret.

Pyrrhotitt finst i store førekomstar knytt til gabbrobergartar (noritt), som regel i lag med nikkelmineralet pentlanditt og noko chalkopyritt (koparkis) og stundom platinamineral. Pentlandittførande pyrrhotittførekomstar er difor av stor tyding som nikkelmalm.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Sulfidmineral kategori:Jernmineral kategori:Monokline mineral