Milleritt er eit nikkelhaldig mineral med kjemisk samansetjing NiS. Det har messinggul farge og metallglans. Mineralet vert danna ved låg temperatur, dels som hårfine fibrar på holrom, dels sekundært etter andre nikkelmineral.
Det er påvist i små mengder ved fleire norske lokalitetar, til dømes ved Flåt nikkelgruver i Evje. Milleritt er funne som fibrar i holrom ved Valberg hyperittbrot ved Kragerø.
Milleritt vart oppdaga av Wilhelm Haidinger i 1845 i kolgruver i Wales. Det vart kalla opp etter den britiske mineralogen William Hallowes Miller. Mineralet er ganske sjeldan i prøveform og er vanlegasat i Halls Gap-området i Lincoln County i Kentucky i USA.
Kjelder Milleritt. (2012, 24. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/milleritt.
Bakgrunnsstoff Mineralgalleri
kategori:Nikkelmineral kategori:Sulfidmineral kategori:Trigonale mineral