Molybdenitt eller molybdenglans er eit blygrått, metallisk mineral som består av molybdensulfid, MoS2. Utsjånaden liknar på grafitt, men det har ein annan strekfarge. Molybdenglans finst som regel i granittiske bergartar, og finst anten som impregnasjon eller på kvartsgangar. Mineralet er den viktigaste molybdenmalmen.
Noreg var tidlegare ein viktig molybdenprodusent, særleg frå Knaben gruver i Vest-Agder. Andre større førekomstar i Vest-Agder er Kvina og Flottorp, i Telemark til dømes Dalen og Bandaksli, og i Nord-Noreg Oterstrand og Laksådalen i Gildeskål. Ein har òg funne einskilde førekomstar i drammensgranitt i Oslofeltet, mellom Sørumsåsen og Rørvik.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Sulfidmineral kategori:Molybdenmineral kategori:Smøremiddel kategori:Heksagonale mineral