Indredepartementet var eit norsk departement som stod for ein del av statstyringa i perioden 1846–1902.
Indredepartementet vart vedteke ved kongeleg resolusjon den 16. juli 1845. Departementet vart oppretta 1. januar 1846, delt opp i seks kontor (avdelingar). Indredepartementet fekk overført oppgåver frå både Justisdepartementet, Finansdepartementet og Kyrkjedepartementet.
Indredepartementet var eit av dei største departementa, og spelte ei viktig rolle i utviklinga av det norske samfunnet. Både handel og sjøfart, poststellet, vegnettet, bygnings- og brannvesenet, forsikringssaker, nærings- og distriktspolitikk, samt nasjonal statistikkføring sokna til departementet. Etterkvart som Noreg utvikla ny industri fekk departementet ansvar for nye felt, som undervisning, sinnsjukevesenet, utskiftningsvesenet og jernbanevesenet.
Statsrådar 1846-1902
1846-1848: Frederik Stang (seinare statsminister) 1848-1849: Hans Christian Petersen 1849-1854: Frederik Stang 1854-1858: Christian Zetlitz Bretteville 1858-1859: August Christian Manthey 1859-1861: Christian Zetlitz Bretteville 1861: Johan Christian Collett (tilforordnet) 1861-1862: August Christian Manthey 1862-1865: Christian Zetlitz Bretteville 1865-1866: August Christian Manthey 1866-1868: Christian Zetlitz Bretteville 1868-1869: Frederik Stang 1869-1871: Christian Zetlitz Bretteville 1871: Henrik Laurentius Helliesen 1871-1872: Niels Vogt 1872-1873: Johan Collett Falsen 1873-1875: Niels Vogt 1875-1876: Christian Selmer 1876-1878: Niels Vogt 1878-1879: Christian Selmer 1879-1882: Niels Vogt 1882-1883: Christian Jensen 1883-1884: Niels Vogt 1884: Niels Rye (konstituert) 1884: Thomas Cathinco Bang 1884-1885: Sofus Arctander (V) 1885-1886: Jacob Stang (H) 1886-1888: Sofus Arctander 1888: Walter Scott Dahl (V) 1888: Peter Olrog Schjøtt (V) 1888: Oscar Jacobsen (V) 1888: Lars Knutson Liestøl (V) 1888-1889: Georg August Thilesen (V) 1889-1890: Johan Thorne (H) 1890-1891: Ole Furu (H) 1891-1893: Wollert Konow (V) 1893-1894: Johan Thorne (H) 1894-1895: Peter Birch-Reichenwald (H) 1895-1897: Thomas von Westen Engelhart (V) 1897-1898: Olaj Johan Olsen (V) 1898-1899: Georg August Thilesen (V) 1899-1900: Ole Anton Qvam (V) 1900-1902: Johannes Steen (V) 1902-1903: Otto Albert Blehr (V) (blei også statsråd i det nye Handelsdepartementet frå 1903)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indredepartementet» frå , den 5. august 2014.
Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:1846 i Noreg Kategori:Skipingar i 1846 Kategori:Nedleggingar i 1902