Pickeringitt er eit fibrig mineral med silkeaktig glans og oftast kvitt. Det har den kjemiske formelen MgAl2(SO4)4· 22H2O. Mineralet vert danna sekundært ved forvitring av pyrittførande bergartar.

Det vart først skildra i 1844 etter ein førekomst i Cerros Pintados i Pampa del Tamarugal i provinsen Iquique, regionen Tarapacá i Chile. Det vart kalla opp etter den amerikanske språkforskaren og filologen John Pickering (1777–1846).

Det er skildra frå Fåvang. Førekomsten av naturlege sulfat i Gudbrandsdalen (sjå òg halotrichitt) har vore kjent i fleire hundre år. Dei vart tidlegare brukt av den lokale folkesetnaden ved farging av tekstil. Det lokale namnet på salta er «hakkemette».

Kjelder Pickeringitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pickeringitt.

kategori:Sulfatmineral kategori:Magnesiummineral Kategori:Aluminiummineral kategori:Monokline mineral