Pyrofyllitt er eit mineral med sjiktgitterstruktur, eit aluminiumsilikat, Al2Si4O10(OH)2, som finst i metamorfe bergartar. Det liknar talk og har tilsvarande bruksområde, men vert føretrekt framfor talk som beresubstans for insektmiddel. Produksjon finst i Nord-Carolina i USA..

Ein finkorna, tett varietet blir kalla agalmatolitt.

Det er sjeldan i Noreg.

Kjelder Pyrofyllitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pyrofyllitt.

kategori:Fylosilikat kategori:Aluminiummineral kategori:Monokline mineral