Siegenitt er eit nikkel- og kobolthaldig ertsmineral med formel (Ni,Co)3S4og kubisk spinellstruktur. Det er relativt utbreitt i mikroskopiske mengder. I Noreg finst det rikaste førekomstane frå Raipas koparfelt i Alta.

Det vart først skildra i 1850 etter ein førekomst i Stahlberggruva i Müsen i Siegerland i Nordrhein-Westfalen i Tyskland og kalla opp etter lokaliteten.

Kjelder Siegenitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/siegenitt.

kategori:Thiospinellgruppa kategori:Kubiske mineral