Sprøglimmer er eit kalsiumhaldig glimmermineral som i motsetnad til andre glimmerar ikkje er elastisk fleksible ved bøying, men blir plastisk deformert i likskap med klorittar. Til sprøglimmergruppa høyrer blant anna clintonitt, Ca(Mg,Al)3(Al3Si)O10(OH)2 og margaritt. Òg kloritoid har vore rekna til denne gruppa, men høyrer strukturelt sett ikkje til glimmerane.
Kjelder Sprøglimmer. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spr%C3%B8glimmer.
Kategori:Fylosilikat