Gustav Tschermak von Seysenegg () var ein austerriksk mineralog.
Frå 1868 til 1906 var han professor i Wien. Han leverte mange viktige vitskaplege arbeid. Han påviste mellom anna at eigenskapane til mineralgrupper kan forklarast ut frå teorien om at dei er isomorfe blandingsrekkjer. Verket hans Lehrbuch der Mineralogie kom i mange opplag.
Kjelder Gustav Tschermak Von Seysenegg. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
kategori:Folk frå Litovel kategori:Austerrikske mineralogar kategori:Austerriksk adel kategori:Elevar ved Universitetet i Wien kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet