Troilitt er eit heksagonalt jernsulfid som finst i meteorittar. Samansetnaden svarar særs nær til FeS, i motsetnad til den nærskylde pyrrhotitt, som har underskot på jarn.
Ein meteoritt vart observert i 1766 i Albareto i Modena i Italia. Prøvar vart henta og studert av Domenico Troili som skildra jernsulfidet i meteoritten. Ein trudde lenge at jernsulfidet var pyritt, men i 1862 analyserte den tyske mineralogen Gustav Rose materialet og gav det namnet troilitt.
Kjelder Troilitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
kategori:Sulfidmineral kategori:Meteorittmineral