mini|Detalj frå ein verde antico-søyle i Vesle Hagia Sofia (no Küçuk Ayasofya Camii) i Istanbul i Tyrkia (527-536 evt.). Verde antico (italiensk for gamalgrønt) eller serpentinmarmor er ein grønleg, flekt bergart som blir polert og brukt som fasade- og prydstein. Han består vesentleg av serpentin, eit mineral med kvite årer av kalsitt eller magnesitt. Bergarten blir broten i nærleiken av Larissa i Hellas, og vart brukt allereie i det gamle Roma.
Kjelder Verde antico. (13. mars 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
kategori:Bergartar kategori:Breksjer kategori:Byggestein kategori:Gresk geologi Kategori:Italienske ord og uttrykk