Nahr al-Kalb (arabisk نهر الكلب, namnet tyder 'Hundeelva') er ei elv i Libanon. Ho renn 35 km frå ei kjelde i Jeita nær Jeitagrotta til Middelhavet.
Historie
Nahr al-Kalb heitte i antikken Lycus eller Lykos, gresk for 'ulv'. Ein avtale frå 1200-talet fvt. konkluderer med at Ramses II sette Nahr al-Kalb som grensa mellom Egypt og områda til hetittane.
Ei rekkje generalar og erobrarar har gjennom tidene reist monument ved munningen til Nahr al-Kalb. Ramses II, Nebudkanesar, Esarhaddon, Caracalla, og sjølv dei armeane til det moderne Frankrike og Storbritannia har gjort dette.Fisk, Robert. Pity the Nation: The Abduction of Lebanon. New York: Nation Books, 2001, s. 52-53.
I 1946 vart det reist eit monument her som feira sjølvstendet til Libanon, som kom i 1943. I 2000 prøvde libanesiske demonstrantar, mellom dei den tidlegare generalen og politikaren Michel Aoun, å reise to nye monument, eit som markerte at israelske soldatar forlét Libanon, og det andre for den venta tilbaketrekkinga av syriske styrkar.
I 2005 vart minnesstelene ved elva oppført på UNESCO sitt Memory of the World.
Sjå òg Jeitagrotta
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahr al-Kalb» frå , den 14. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kalb Kategori:Turistmål i Libanon