right|mini|Inne i reservatet. Horsh Ehden er eit naturreservat som ligg i Nord-Libanon og består av restar av skogen av libanonseder, som er viktig for kultur- og naturarva til landet. Det ligg i nordvestsida av Libanonfjella omgjeve av tåke og relativt mykje nedbør. Fleire sjeldne og endemiske planter veks her. Sedertrea står ved sidan av ein blandingsskog av einer, furu og dei siste verna områda i landet med ville epletre. Av dyr i skogen finn ein keisarørn, haukørn, gråulv og villkatt. Reservatet ligg i vakre dalar og kløfter med ville orkidéar, lysefarga salamanderar, sopp og anna plante- og dyreliv.
Reservatet er eit populært turområde.
Naturhistorie Biologisk mangfald Horsh Ehden naturreservat har eit rikt biologisk mangfald. Det er registrert over 1 058 plantartar i reservatet, som utgjer kring 40% av alle planteartane i Libanon, sjølv om området berre dekker mindre enn 0,1% av landet. 212 av plantene er sjeldne, og 126 er rekna som truga. 115 av planteartane er endemiske for Libanon, og 10 er endemiske for Horsh Ehden.
Horsh Ehden naturreservat har òg eit rikt fugle- og dyreliv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Horsh Ehden natural reserve» frå , den 15. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Sjå òg Al Shouf-seder naturreservat Aammiq våtmarksområde
Bakgrunnsstoff
Horsh Ehden - offisiell nettstad
Kategori:Naturreservat i Libanon Kategori:Skogar i Libanon Kategori:Turistmål i Libanon Kategori:Zgharta distrikt