Johann Friedrich Struensee () var ein dansk-tysk lege og politikar. Han verka som livlege for kong Kristian VII av Danmark-Noreg frå 1769 og var den eigentlege makthavaren i Danmark-Noreg i åra 1770–1772. På grunn av sinnssjukdomen til den regjerande Kristian VII kunne hoffolk som fekk tillit hos kongen i realiteten ta over regjeringsmakta.

Med sitt stadig nærare forhold til dronning Caroline Mathilde og utmanøvrering av dei mektigaste i staben til kongen, grev Holck og utanriksminister J.H.E. Bernstorff, vart Struensee den reelle makthavaren i landet. Han gjennomførte ei rad reformer i styringsverket i tråd med ideane i opplysingstida, reformer som gjorde vesentlege inngrep i ei lang rekkje forhold i det danske samfunnet. Etter knappe to år ved makta vart han avsett ved eit kupp den 17. januar 1772 og deretter dømt til døden og avretta.

Oppvekst og ungdom mini|venstre|Portrett av Struensee frå 1771 måla av Jens Juel. Portrettet er eit av dei vennlegsinna måleria av Struensee og har difor sjeldan blitt nytta.Asser Amdisen, s. 32-33 Struensee har Mathildeordenen rundt halsen. Frå Bomann–Museum i Celle.

Johann Friedrich Struensee var fødd i Halle an der Saale i Tyskland som son av presten Adam Struensee, den seinare biskopen for Schleswig-Holstein. Faren var pietist av den franckeske skolen, ei retning som la vekt på samfunnsnytte og oppfordra medlemmane av trusretninga til å søkje verdsleg kunnskap. Struensee blei skriven inn som medisinstudent ved universitetet i Halle i 1752. Han fortalde seinare at kjende vitskapsmenn som den sveitsiske legen Albrecht von Haller og den franske filosofen Claude Adrien Helvétius var mellom førebileta hans. Struensee var påverka av ideane i opplysingstida, i tillegg til den pietistiske bakgrunnen som han hadde fått heimanfrå. Boksamlinga etter Struensee viser at han kjende til dei moralske tankane til Voltaire, Rousseau og Holberg – den siste kjende Struensee gjennom ei omsetjing til tysk.

I 1757 tok Struensee doktorgraden i medisin med ei avhandling kalla Om skaden ved forkjærte legemsbevegelser. Avhandlinga forklarte korleis ein hindrar skader ved å unngå feil rørsler, og peikar fram mot tankane hans om oppseding. Då han var ved makta i Danmark nytta han desse ideane mellom anna på den seinare kronprins Fredrik VI.

Same året, 1757, fekk far hans ei prestestilling i Altona, ein by i det danske riket. Struensee blei med familien til Altona, der han i 1758 blei han tilsett som bydoktor. Løna var som for andre lågare offentlege embete på 70 riksdalar, noko som var for lite til at ein borgar kunne leve sømeleg av ho. Saman med ein studiekamerat frå Halle, David Panning, begynte han difor å gi ut tidsskriftet Zum Nutzen und Vergnügen – «Til nytte og glede» – i 1763. Tidsskriftet var meint både til folkeopplysing og underhaldning. I ein artikkel blei det i eit satirisk teologisk språk gjort narr av legar som selde kvakksalvarmedisin for eiga vinning. Styresmaktene fann dette forderveleg for unge folk og eit hån av religionen, så tidsskriftet blei forbode og boktrykkaren fekk ei bot. Artikkelen var sannsynlegvis ikkje skriven av Struensee sjølv, men som redaktør var han ansvarleg for innhaldet i bladet.Asser Amdisen side 27 Året etter gav Struensee ut eit nytt tidsskrift – Til Fremme av Vitenskapene, Kunsterne, Smaken og Sædene – som blei akseptert, ettersom det ikkje inneheldt satirisk stoff.

Embetet som lege gjorde at Struensee fekk innpass hos adelsfolk i området, mellom anna grev Schack Carl Rantzau. Det var gjennom kontaktane til greven at Struensee blei utnemnd til reiselege for den kongelege utanlandsreisa som stod for døra.

Kristian VII si utanlandsreise Den 6. mai 1768 la Kristian VII ut på ei utanlandsreise. Struensee blei utnemnd til reiselege med ei årleg løn på 500 riksdalar, ettersom livlegen Hans Piper då var 65 år gamal og neppe var i stand til å gjennomføre ei lang ferd som dette.Jens Glebe-Møller side 18 Med på turen var òg Bernstorff, som ville halde personleg oppsyn med kongen.

Reisa gjekk sørover gjennom Tyskland, nordover att til Nederland, derfrå til England. Deretter bar det sørover gjennom Frankrike, og til slutt nordover gjennom Tyskland mot Danmark. I samband med eit kongeleg arrangement i Paris møtte Struensee samtidas leiande franske opplysningsfilosofar; til dømes Jean le Rond d'Alembert, Claude Adrien Helvétius, Denis Diderot og Paul Henri Thiry d'Holbach.Jens Glebe-Møller side 20

Sinnssjukdomen til kongen byrja på denne tida å endra seg frå det omgjengeleg aktive til tungsinn. Dette gledde Bernstorff, sidan kongen då ikkje gjorde så mange av dei «opptrinna» han hadde frykta. Til gjengjeld vart Struensee nærare knytt til kongen under reisa. Den 6. januar 1769 kom kongen heim til København. Med i kongens følgje var Struensee, som var blitt utnemnd til livlege med ei løn på riksdalar årleg.

Vegen til politikken mini|venstre|Hirschholm slott slik det såg ut i 1739 av Johan Jacob Bruun. Hirschholm slott som låg i det nåverande Hørsholm. Under «Hirschholm-sommaren» i 1771 var slottet husvære for hoffet og dronning Caroline Mathilde fødde Struensees dotter Louise Augusta her. Det var og her oppsedinga av kronprins Fredrik fann stad. Etter at Caroline Mathilde vart landsforvist og Struensee avretta i 1772 vart slottet ikkje lenger nytta av dei kongelege og det forfall til 1810 da Fredrik VI bestemte seg for å rive det.Københavns hvornår skete det 1810 mini|Dronning Caroline Mathilde med Mathildeordenen i sløyfe på brystet. Ordenen vart skipa av Caroline Mathilde 29. januar 1771 på fødselsdagen til ektefellen kong Kristian VII. Måleri av Jens Juel frå 1771

Struensee knytte tettare band til kongen, Etter heimkomsten til hoffet fekk han overtalt kongen til å vise dronninga respekt. Slik vann han også gunst hos dronninga, og posisjonen hans ved hoffet vart ytterlegare forsterka.

Kongen sin favoritt var stadig grev Frederik Vilhelm Conrad Holck, drikkekameraten hans frå åra i førevegen. I mai 1769 vart Struensee utnemnd til etatsråd og rykte dermed opp i rangordninga. Kanskje var det rett etter utnemninga at Struensee og dronninga innleia eit kjærleiksforhold.Om begyndelsen til kærlighedsaffæren - Svend Cedergreen Bech side 172 I byrjinga av 1770 vart Struensee utnemnd til kabinettsekretær for dronning Caroline Mathilde og til lærar for den seinare kong Kristian VII.

Sommaren 1770 reiste hoffet til Holstein. Struensee lukkast då å få utmanøvrert grev Holck ved å introdusere Enevold Brandt for hoffet att. Brandt hadde tidlegare vore assessor ved hoffet. I 1768 hadde han skrive eit brev til kongen om den dårlege innverknaden grev Holck hadde på han, noko som førte til at Brandt same året fekk avskjed i unåde. Han hadde vorte ven med Struensee, og denne såg i Brandt ein mogleg avløysar som favoritt hos kongen. Ved hjelp av innverknaden til dronninga sørgde dei for at Holck fekk avskjed og at Brandt vart innsett i staden. Dermed lukkast det for Struensee å etterlikne Bernstorff i bruken av ein «løgesminister», ein som kunne ta på seg rolla med å fylle behova kongen hadde for å skeie ut.

Men det var òg naudsynt for Struensee å kvitte seg med Bernstorff. Posisjonen som utanriksminister, det vil seie president for det tyske kanselli, var den mektigaste stillinga innanfor den danske regjeringa. Det var då også Bernstorff som formulerte hovudlinjene i den danske politikken i perioden, så om Struensee skulle oppnå posisjonen som kongen sin fortrulege, måtte Bernstorff bort.

I desember 1770 overtalte Struensee kongen til å oppløyse gehejmekonseillet og innføre eit kabinettstyre med han sjølv i rolla som kongen sin einaste minister. Posisjonen til utanriksminister Bernstorff var svekt, sidan han same sommaren hadde sendt to orlogsskip på eit heilt mislukka straffetokt mot algeriske piratar som hadde tatt danske og andre europeiske handelsskip i Middelhavet.

Med den øvste makt mini|Side 2 og 3 av den "Kongelige Act" frå desember 1770 der Struensee avskaffa Gehejmekonseillet og dermed blei den reelle statsleiar i Danmark. Struensee måtte finne ein måte å innordne si eiga uformelle makt i høve til den eksisterande administrasjonen. I fremste rekke for den gamle styreforma stod Gehejmekonsilet, eit organ dominert av tyske adelsmenn. Trass i at det opphavleg skulle vere ei rådgivande forsamling, var det her den eigentlege makta låg i dei periodane kongen ikkje var i stand til å styre.

Struensee sette inn i konsilet personar han meinte å kunne styre sjølv, mellom anna grev Rantzau som hadde hjelpt Struensee mot makta. Men han innsåg snart at Gehejmekonsilet ikkje gjekk ihop med den effektivisering og forenkling av kongemakta som han prøvde å oppnå. Difor sette han konsilet til sides den 8. desember 1770, og utnemnde seg sjølv til «maître de requêtes» ('søknadssjef'), og innan nyttår hadde han heilt oppheva institusjonen. Han oppretta i staden ein såkalla «konference» som bestod av leiarane for dei ulike delane av statsadministrasjonen. Trass i at denne berre var rådgivande, vart han snøgt oppheva. Moglegvis likna dette systemt for mykje på det gamle, medan Struensee ynskte å distansere seg frå det førre adelsveldet.Svend Cedergreen Bech side 230

Reformer i administrasjonen mini|Carl August Struensee von Carlsbach (1735–1804) var professor i matematikk, prøyssisk finansminister og bror til Johann Friedrich Struensee Struensee hadde oppgåva med personleg å overlevere søknader til kongen. Og Struensee trong berre å gje ordre til kongen om å underskrive papiret, så lydde kongen. Dermed fekk Struensee uinnskrenka makt med omsyn til tilsetjingar ved hoffet. Såleis kunne han utnemne seg sjølv til kva stilling som helst innanfor regjeringa, og det kom til å mange utskiftingar i hoffstaben og regjeringa, helst slik at adelege vart skifta ut med borgarlege personar som vart tilsett etter forteneste.

Den 22. desember 1770 sette Struensee den danske diplomaten i Napoli, Adolph Sigfried von der Osten, til utanriksminister. Samstundes skilde han dette embetet frå tilknytinga til presidentskapet i det tyske kanselli. Struensee overlet likevel administrasjonen av utanrikspolitikken til andre, og han sørgde difor for at utanrikssaker skulle gå gjennom han før dei vart lagt fram for kongen. I tillegg til dette var Osten og Struensee usamde om grunnleggjande idéar i utanrikspolitikken, noko som vekte ytterlegare motvilje i Osten mot Struensee.

På vårparten i 1771 sette Struensee inn broren Carl August Struensee som leiar av finanskollegiet. Oppgåva hans var å sentralisere finansadministrasjonen, og dessutan å skilje kassa til kongen frå statskassa. Finansane skulle vere under streng kontroll. Carl August Struensee viste seg som ein dugeleg økonom og administrator.Svend Cedergreen Bech side 238

Sommaren 1771 utnemnde Struensee seg sjølv til geheimekabinettsminister og kunne gje ut kabinettsvedtak på eiga hand. Kongen gleid lengre inn i sinnssjukdomen, og Struensee si makt vart i røynda uavgrensa. Struensee gjennomførte då ei rad reformer i styringsverket. Tilsetting i offentlege stillingar vart gjort avhengig berre av kvalifikasjonar. Byråkratiet i staten vart forenkla, og godseigarane si makt vart avgrensa. Skule- og helsevesenet skulle forbetrast. Bruk av tortur i rettsstellet vart forbode. Forordningane kom i stri straum, nær 2000 i den tida han hadde makta. Heilt i tråd med ideane i opplysingstida vart sensuren avskaffa og trykkefridom innført. Trykkefridomen vart raskt nytta til å gje ut skrifter som omtala Struensee sitt tilhøve til den unge dronninga.

Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Han nytta høvet han hadde til å utnemne seg sjølv og venen Enevold Brandt til lensgrevar. Den 7. juli 1771 fekk Caroline Mathilde ei dotter, prinsesse Louise Augusta. Ho vart «lyst i kuld og køn», ved at kongen erklærte seg som faren. Den ålmenne meininga var at Struensee i røynda var faren.

Diktatoren