The Old Masters er ein plateboksserie av Frank Zappa, gjeven ut i tre volum på Barking Pumpkin Records frå april 1985 til desember 1987, med studio- og konsertalbum av Zappa og The Mothers of Invention opphavleg gjevne ut frå 1966 til 1976 på andre selskap, i tillegg «Mystery Discs» som inneheldt songar som ikkje var gjeven ut før.
Boksen inneheld nye miksar og redigeringar av Zappa i hans eige Utility Muffin Research Kitchen, førebudd for CD-formatet. Albuma vart remiksa og redigert på ny, og er ofte heilt forskjellige frå dei originale utgåvene.
Serien fekk god kritikk, men ein del likte ikkje endringane til Zappa, mellom anna at han spelte inn rytmeseksjonen på ny for albuma We're Only in It for the Money og Cruising with Ruben & the Jets, som førte til eit søksmål over ubetalte honorar.
Innhald
The Old Masters Box I Freak Out! Absolutely Free Lumpy Gravy We're Only In It For The Money Cruising With Ruben & The Jets Mystery Disc
The Old Masters Box II Uncle Meat Hot Rats Burnt Weeny Sandwich Weasels Ripped My Flesh Chunga's Revenge Fillmore East, June 1971 Just Another Band From L.A. Mystery Disc
The Old Masters Box III Waka/Jawaka The Grand Wazoo Over-Nite Sensation Apostrophe (') Roxy & Elsewhere One Size Fits All Bongo Fury Zoot Allures
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Old Masters» frå , den 23. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Frank Zappa-samlealbum Kategori:Samlealbum frå 1985 Kategori:Samlealbum frå 1986 Kategori:Samlealbum frå 1987 Kategori:Barking Pumpkin Records-album Kategori:Plateboksar