Alf Jensen Veum Hansen Mjøen () var ein norsk offiser, brukseigar og stortingsrepresentant, fødd og død på Gjøvik.
Mjøen var son til ein brukseigar. Sjølv vart han student i 1885 og cand.phil. i 1889. Frå juli 1888 tok han teneste i det militære, utnemnd til premierløytnant i 1891 og i 1903 kaptein i 1ste Akerhusiske brigade. I 1899-1900 gjorde han teneste ved eit tysk infanteriregiment. Han fekk i 1911 eit militært stipend og reiste til USA for å studere bruken av offiserar til sivilt arbeid. Han vart utnemnd til oberst i 1934 og var dei neste fem år generalkrigskommissær i Noreg.
Valperioden 1902-04 var Mjøen ordførar i Gjøvik, vald for Venstre. I 1904 overtok han slektsgarden Gjøvik i Vardal og flytta dit i 1906. På garden dreiv han ei mylne og eit sagbruk. Delar av garden stykka han ut til om lag arbeidarbruk.
Frå 1913 til 1924, og på ny 1928-1936 var han stortingsrepresentant for Radikale Folkeparti/Arbeiderdemokratene. Dei ni fyrste tingåra var han vald frå einmannskrinsen Toten, sidan 1922 for Oppland fylke. I alle år på Stortinget var han medlem av militærkomiteen, derav 12 år som formann.
Mjøen gav i 1953 slektsgarden Gjøvik til Gjøvik kommune.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 lokalhistoriewiki.no
Arbeiderbladet 13. mars 1956
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Arbeiderdemokratene Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Gjøvik