John Stephen French () er ein amerikansk trommeslagar og musikar. Han spelte på Captain Beefheart sitt Trout Mask Replica og forskjellige andre Beefheart-innspelingar. Beefheart kalla han Drumbo. Under Trout Mask Replica-innspelinga transkriberte French dei musikalske ideane Beefheart spelte for han på piano for resten av bandet.
French kom med i the Magic Band seint i 1966, då han erstatta Paul Blakely. Han spelte på Safe as Milk (1967), Strictly Personal (1968) og Mirror Man (1968, men ikkje gjeve ut før 1971). Kort tid før Trout Mask Replica var ferdig, vart French kasta ut av bandet. French vart ikkje oppført på omslaget til Trout Mask Replica. French vart invitert attende kort tid etter og spelte på dei kritikarroste albuma Lick My Decals Off, Baby og The Spotlight Kid, der han spelte perkusjon i lag med Art Tripp. Seint i 1972 slutta han igjen i bandet. I 1976 var han igjen med i bandet og spelte på Bat Chain Puller, som på grunn av søksmål om opphavsrett ikkje vart gjeve ut før i 2012.
Andre band og artistar French har arbeidd med er Mallard og French Frith Kaiser Thompson.
Diskografi
1967 Safe as Milk 1968 Strictly Personal 1969 Trout Mask Replica 1970 Lick My Decals Off, Baby 1971 Mirror Man 1972 The Spotlight Kid 1976 Bat Chain Puller 1980 Doc at the Radar Station 1982 Crazy Backwards Alphabet 1987 French Frith Kaiser Thompson 1990 Invisible Means 1994 Waiting on the Flame 1998 O Solo Drumbo 2000 Grow Fins 2004 Back to the Front 2005 21st Century Mirror Men 2008 City Of Refuge
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John French (musician)» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:Folk frå San Bernardino Kategori:The Magic Band members