Congress Shall Make No Law... er eit album av Frank Zappa, gjeve ut posthumt i 2010 av Zappa Family Trust på Zappa Records. Det inneheld heile talen Zappa heldt den 19. september 1985 føre USA Senate Committee on Commerce, Science and Transportation, der han kritiserte Parents Music Resource Center til støtte for plateindustrien. Albumet kom ut 25 år etter høyringa.
Congress Shall Make No Law... inneheld òg talen Zappa hadde ved Maryland State Legislature året etter, samt fleire sitat og utdrag av interfju om temaet sensur, og ein alternativ versjon av songen «Reagan at Bitburg», eit av dei siste sytkka Zappa gjorde ferdig før han døydde i 1993. Den første offisielle versjonen av denne songen vart gjeven ut på albumet Civilization Phaze III i 1994. Mange av spora er kalla opp etter Dei ti boda.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Congress Shall Make No Law...» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 2010 Kategori:Frank Zappa-samlealbum Kategori:Zappa Records-album