1555 (romartal MDLV) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.
mini|Steinkross i Bad Hindelang i Bayern med innskrifta 1555. Hendingar mini|Brenninga av John Rogers. Illustrasjon frå Book of Martyrs av John Foxe.
Utlandet Januar: Avariket i dagens Burma fall. 4. februar: John Rogers blei brend på bålet i London som den første protestantiske martyren under Maria I av England. Seinare følgde avrettingar av fleire biskopar og prestar. 10. april: Pave Marcellus II blei pave etter Julius III. 23. mai: Pave Paul IV blei pave etter Marcellus II. 1. juni: Freden i Amasya mellom Det osmanske riket og det persiske Safavideriket enda Den osmansk-safavidiske krigen (1532–1555). 25. september: Religionsfreden i Augsburg blei inngått mellom Karl V av Det tysk-romerske riket og fyrstane i Det schmalkaldiske forbundet. 16. oktober: «Oxford-martyrane» Hugh Latimer, Nicholas Ridley og Thomas Cranmer, engelske biskopar vart avretta
Russland gjorde slutt på ei 60 år lang våpenkvile med Sverige då det gjekk til åtak på Finland. Tsjeboksary blei grunnlagd som russisk by. Olaus Magnus gav ut Historia de gentibus septentrionalibus («Historie om dei nordiske folka») i Roma.
Noreg To bønder frå Sandar i Vestfold vart avretta ved brenning på bålet for å ha starta ei katolsk vekking.
Fødde
21. april: Ludovico Carracci, italiensk målar 27. desember: Johann Arndt, tysk teolog
Døde mini|upright|Pave Marcellus II sat berre på pavestolen i nokre veker.
14. januar: Jacques Dubois, fransk anatom 4. februar: John Rogers, engelsk prest (avretta) 8. februar: Laurence Saunders, engelsk prest (avretta) 9. februar: John Hooper og Rowland Taylor, engelske geistlege (avretta) 23. mars: Pave Julius III 11. april: Juana I av Castila, «den galne» 1. mai: Pave Marcellus II 25. mai: Gemma Frisius, nederlandsk lege, matematikar, astronom og geodet Kong Henrik II av Navarra 26. oktober: Olympia Fulvia Morata, italiensk lærd 21. november: Georgius Agricola, tysk humanist, mineralog og metallurg