Streetlife Serenade er det tredje studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel (det andre på Columbia Records), gjeve ut 11. oktober 1974.

Streetlife Serenade var oppfølgjaren til Piano Man frå 1972, men vart ikkje like populært og var starten på eit heller kjølig forhold mellom Joel, musikkjournalistar og musikkindustrien meir generelt. I «The Entertainer» hånar Joel på grettent vis underhaldningsindustrien og er bitter for at plateselskapet hans tidlegare hadde endra singelversjonen av «Piano Man» slik at han kunne spelast på radio: «It was a beautiful song but it ran too long./If you're gonna have a hit, you gotta make it fit./So they cut it down to 3:05.»

«The Entertainer» nådde 34. plassen på den amerikanske singellista. Sjølve albumet nådde 35. plassen på listene og selde etter kvart meir enn éin million eksemplar.

Albumet inneheld to songar som vart spelt mykje på konsertane til Joel i 1970-åra: den instrumentale «Root Beer Rag» og den korte «Souvenir», som Joel ofte spelte som det siste ekstranummeret i denne perioden.

To andre, «Streetlife Serenader» og «Los Angelenos» vart begge gjevne ut på det første konsertalbumet til Joel, Songs in the Attic (1981).

Innhald

Medverkande Billy Joel – munnspel, klaverinstrument, Vokal, Moog synthesizer Richard Bennett – gitar Joe Clayton – dirigent, conga Gary Dalton – gitar Mike Deasey – gitar Don Evans – gitar Wilton Felder – bass, klaverinstrument Emory Gordy, Jr. – bass Al Hertzberg – gitar Larry Knechtel – bass Art Munson – gitar Raj Rathor – gitar William Smith – orgel Michael Stewart– gitar Ron Tutt – trommer Tom Whitehorse – banjo, pedalsteel

Produksjon Produsent: Michael Stewart Lydteknikar: Ron Malo Digital remastering: Joseph M. Palmaccio. Erroneously credited to Ted Jensen Arrangørar: Michael Stewart, Billy Joel

Lister ListePlasseringAustralian Kent Music Report Chart85Canadian RPM Albums Chart16U.S. Billboard 200 35

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Streetlife Serenade» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Billy Joel-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Michael Stewart Kategori:Engelskspråklege album