Alkor og Mizar (Zeta Ursae Majoris, Zeta UMa, ζ Ursae Majoris, ζ UMa) er to stjerner i Karlsvogna i stjernebiletet Den store bjørnen. Dei ligg tett inntil kvarandre, men eit skarpt auge kan skilje dei frå kvarandre. Arabarane nytta desse stjernene som ein prøve på godt syn.
Den tilsynelatande storleiken er 2,23 og spektralklassen er A1V. Eigarørsla til dei to stjernene indikerer at dei flyttar seg i lag og kan indikerer at dei er knytte saman av tyngdekrafta. I 2009 vart det stadfesta at Alkor er ei dobbelstjerne og består av Alkor A og Alkor B (ei raud dvergstjerne). Mizar er eit stjernesystem på fire stjerner, så heile systemet består derfor av seks stjerner.First Known Binary Star Is Discovered to Be a Triplet, Quadruplet, Quintuplet, Sextuplet SystemParallactic motion for companion discovery: an M-dwarf orbiting Alcor Alkor og Mizar ligg kring 74 000 ± 39 000 astronomiske einingar eller 0,5–1,5 lysår frå kvarandre.Discovery of a Faint Companion to Alcor Using MMT/AO 5 μm Imaging Heile seksstjernerssystemet ligg kring 83 lysår frå jorda.
Namnet Alkor er arabisk og tyder «Den lille ryttaren» og kjem frå det frå det persisk khwar som tyder «den venelause». Namnet Mizar kjem òg frå arabisk og tyder «livreim» eller «belte».
mini|venstre|Karlsvogna og ein del av handtaket fotografert frå Den internasjonale romstasjonen. Mizar og Alkor er øvst til høgre.
Det latinske ordtaket Vidit Alcor, et non lunam plenam eller «han såg Alkor, men ikkje fullmånen», blir brukt om ein som er opptatt av uviktige ting, men er blind for hovudsaka.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alkor» frå , den 30. august 2014. oppgav desse kjeldene: Alkor. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Alkor.
Bakgrunnsstoff Mizar and Alcor articles at Jim Kaler's Stars website First very high resolution imaging of Mizar A (using aperture synthesis) A New View Of Mizar (a comprehensive article about the system)
Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Ursae Majoris, Zeta
Ursae Majoris, 79 5 Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Den store bjørnen Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda Kategori:Arabiske ord og uttrykk