«Baby Grand» er ein song av Billy Joel på albumet The Bridge frå 1986. Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet. Han er ein duett mellom Joel og Ray Charles og songen er ei hyllest til babyflygelet, og forholdet det kan dele med spelarane. Dei to kom opphavleg saman då Charles kontakta Joel om at dottera til Joel, Alexa Ray, var kalla opp etter Charles. Charles foreslo så at dei kunne spele inn ein song i lag.
Joel song først songen i den vanlege New York-aksenten sin, men valde å etterlikne Charles då han merka at Charles prøvde å imitere stilen hans. Songen fekk positiv omtale då han kom ut. Singelen nådde 75. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista. I musikkvideoen ser ein Joel og Charles som spelar inn vokalsporet i lag.
Lister Liste (1987)PlasseringAustralia78U.S. Billboard Hot 10075U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Baby Grand» frå , den 31. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Musikkvideo
Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Phil Ramone