«Lullabye (Goodnight, My Angel)» er ein song av Billy Joel frå albumet River of Dreams i 1993. Han var inspirert av Alexa Ray Joel, dottera hans med Christie Brinkley. Songen er spelt i G-dur.

Songen vart opphavleg skriven som ein introduksjon til songen «The River of Dreams» som ein monofonisk gregoriansk song. Joel hadde skrive ein engelsk tekst til songen som skildra ein mann som har mista trua si, og fekk han så omsett til latin.youtube.com Han endra meining då han høyrte innspelinga og innlemma han i songen «River of Dreams». Han fjerna seinare mellomspelet i den endelege studioversjonen av «River of Dreams», og skreiv i staden tekst til melodien som reflekterer kjenslene hans for Alexa Ray, som var eit lite barn då songen vart skriven. Versjonen av «River of Dreams» med Lullabye finst som ein alternativ versjon i plateboksen My Lives, og på An Evening of Questions and Answers...And A Little Music.

I 2004 vart det annonsert at Billy Joel skulle skrive to barnebøker for forlaget Scholastic. Den første boka heitte Goodnight, My Angel (A Lullabye), og bileta i boka er basert på songen og illustrert av Yvonne Gilbert.

Andre versjonar Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Wise Guys, Gas House Gang, John Stamos, Cantabile, Celtic Woman, The King's Singers, Libera, Mormon Tabernacle Choir, Celine Dion-albumet Loved Me Back to Life, Terence Stamp og Hayley Westenra.

Lister Liste (1994)PlasseringCanadahttp://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.2435&type=1&interval=24&PHPSESSID=v7d4j9doetqh7hdkuucdfi2lv527New Zealand43U.S. Billboard Hot 10077U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks18

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lullabye (Goodnight, My Angel)» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1993 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Celine Dion-songar