Thelma Elizabeth Hopkins () var ein britisk-canadisk friidrettsutøvar fødd i Kingston upon Hull som vart europameister i høgdehopp i 1954.

Aktiv Hopkins, som voks opp i Belfast og tevla for Nord-Irland i samveldeleikane, deltok både i høgdehopp og lengdehopp. Under sommarleikane 1952 i Helsinki vart ho nummer fire i høgdetevlinga. To år seinare vann ho gullmedaljen i høgdehopp i friidretts-EM 1954 i Bern, etter å ha gått over 1,67 meter som einaste deltakar.

Den 5. mai 1956 sette Hopkins ny verdsrekord i høgdehopp med 1,74 meter i Belfast, dermed sletta ho den nærpå to år gamle rekorden til Aleksandra Tsjudina frå Sovjetunionen. Rekorden til Hopkins stod i berre ti veker. Den 14. juli 1956 sette Iolanda Balaș frå Romania ny verdsrekord i Bucureşti.

Hopkins fekk ein sølvmedalje under dei olympiske sommarleikane i Melbourne hausten 1956, ein sølvmedalje ho delte med Maria Pisareva frå Sovjetunionen. Med 1,67 m var dei sjansjelause mot Mildred McDaniel frå USA som sette ny verdsrekord med 1,76 meter.

Hopkins utvandra til Canada og døydde i Edmonton.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thelma Hopkins» frå , den 5. september 2014.

World Athletics

Kategori:Britiske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956