Ich Hab' Keine Angst eller Moi, je n'ai pas peur er to musikkalbum av den italienske songaren Milva frå 1981. Albumet består av songar skrivne av Vangelis. Seks av songane var gjevne ut på tidlegare Vangelis- eller Aphrodite's Child-album, medan fem av songane var nyskrivne av Vangelis. Det vart gjeve ut to versjon av albumet, eitt sungen på tysk og eitt på fransk. Dei seks tidlegare utgjevne songane fekk ny tekst og nye titlar.
Vangelis spelte truleg ikkje på albumet sjølv. Vangelis skreiv alle songane på eit framtidig album for Milva, Tra Due Sogni (italiensk) eller Geheimnisse (tysk) i 1986.
Innhald
Medverkande Produsent: Klaus Eberg Lydteknikar: Tom Müller Arrangement: Natale Massara
Kjelder Vangelis Movements Albumet på discogs
Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:RCA Records-album Kategori:Milva-album