Page of Life er det fjerde studioalbumet til Jon and Vangelis. Det vart spelt inn i 1986 i Aten og Roma, og gjeve ut i 1991 på Arista Records. Så langt er dette det siste studioalbumet deira i lag. Det var først ikkje tilgjengeleg i USA, men vart sidan gjeven ut på ny av Higher Octave med bonussporet «Change We Must», men mangla fire andre songar og hadde nokre andre skilnader.

Mottaking Allmusic-skribenten Jonathan Widran skildrar songane på Page of Life som «utrulege utstillingsmonter» for synginga til Anderson og instrumenteringa til Vangelis. Tekstane vert skildra som «skarpe samfunnskommentarar».

The Kitchener-Waterloo Record skildrar albumet som «gjennomgåande behageleg».

Sporliste

Amerikansk utgåve Den alternative amerikanske utgåva kom ut i 1998, og er ikkje godkjend av Vangelis. Denne alternative versjonen er ganske annleis den originale:

Songen «Change We Must» er lagt til. Songane «Jazzy Box», «Is It Love», «Be A Good Friend of Mine» og «Journey to Ixtlan» er ikkje med. «Wisdom Chain» finst i ein lengre versjon som er nesten dobbelt så lang som den originale. Fleire andre spor har forskjellige miksar, særleg «Garden of Senses» og «Money». Sporlista har anna rekkefølgje.

2013-utgåva I 2013 gav Cherry Red Records ut ei remastra utgåve av «Page of Life», i tillegg til fem andre Vangelis-album. Det inneheld dei same songane som 1991-utgåva, med eitt bonusspor i tillegg, «Sing With Your Eyes».

Medverkande Jon Anderson - Vokal Vangelis - Klaverinstrument, synthesizerar, programmering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 9. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Jon & Vangelis-album Kategori:Polydor Records-album